Shelf Indulgence
Cover of Stormfulle høgder
No ratings yet — be the first.

Stormfulle høgder

by Emily Jane Brontë, Ragnar Hovland, Øystein Vidnes, Emily Brontë

2019·335 pages·no
Publisher, ISBN & more
Publisher
Skald forlag
ISBN
9788279592754

About this book

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til verket har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. Emily Jane Brontë (1818–1858) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken.

Similar books

Rummaging the shelves…

Reviews

Loading reviews…